Panorama

Filmen

20 minutt du aldri vil gløyme


Vår moderne kinosal har plass til 168 personar og har 5 skjermar.

Om panoramafilmen

Vår moderne kinosal har plass til 168 personar og har 5 skjermar. Salen er bygd i samarbeid med Ivo Caprino, og når vi viser vår 225 graders panoramafilm om Hardangervidda, Hardangerfjorden og det vakre «fosselandet» vestafjells, kjenner du deg som ein deltakar på reisa.

Vi lover deg ei flott oppleving mellom høge fjell og djupe fjordar, med nervepirrande helikopterstup over bratte juv og mektige fossefall, samt rolege, poetiske sekvensar mellom fjellvatn, brear og reinsdyr og originalkomponert musikk. Lydbiletet er sterkt, vemodig og lyrisk, akkurat som filmen.

Buy online!

Kjøp panoramafilmen på nett!

Her kan du kjøpe panoramafilmen «Fjord Fjell Foss – The Best of Norway» produsert av Caprino Studios. Pris kr. 199,- (inkl. porto og adm. kostnader).

Processing ...