Vi lover deg ei oppleving utenom det vanlige mellom høge fjell og djupe fjordar, med nervepirrande helikopterstup over bratte juv og mektige fossefall, samt rolege, poetiske sekvensar mellom fjellvatn, brear og reinsdyr. Med eit originalkomponert musikkverk er lydbiletet tonal, melodisk og rytmisk, akkurat som filmen. Musikken speglar filmen og naturen sin sjel.

Om panoramafilmen

Panoramafilmen Norge mitt land – fjord, fjell, foss og Hardangervidda vises i vår moderne kinosal med plass til 168 personar. Vi kan by på ein av Europas største panoramalerret, 21 meter langt og 4 meter høgt i eit saumlaust bilde med 225° synsvinkel. Tilsvarande film med kvalitet 12K er ikkje tidlegare produsert i Norge. I panoramafilmen om Hardangervidda, Hardangerfjorden og det vakre «fosselandet» vestafjells, kjenner du deg som ein deltakar på reisa. Filmen blir vist kvar heile og halve time.

Ta minna med deg heim

I nettbutikken kan du kjøpe vår panoramafilm på en USB-stick for kun kr 349,- Vi tilbyr gratis frakt.

Følg Norsk Natursenter på Instagram